Multibygg Consult AS kan hjelpe deg både om du ønskjer eit tradisjonelt hus eller om du ønskjer eit hus som skal vere litt utanom det vanlege – enten i tradisjonell eller moderne stil!
Det finst haugevis med huskatalogar der ein kan gå seg aldeles vekk i alle mulige slags idear. Men sjeldan finn du det huset som har alle draumane samla i same sekken. Det huset finn du hos oss!
Det er fordi vi  alltid tar utgangspunkt i dine tankar, og omformar dei til eit realistisk byggeprosjekt – stort eller lite. Det er ikkje nødvendigvis vårt mål å få deg til å bygge akkurat slik vi vil, om du er fornøgd så er vi det og.

I tillegg til arkitektur kan Multibygg Consult AS tilby ei rekke andre tenester.

  • Prosjektering – vi prosjekterer både tilbygg og nybygg, og utfører dimensjonering av tre-, stål og betongkonstruksjonar. Vi utarbeider komplette tilbodsdokument og produksjonssgrunnlag. Vi kan og utføre digitalisering av teikningar, frå 2D til 3D-modellar.
  • Byggeleiing – vi utfører uavhengig kontroll i byggesaker, tredjepartskontroll og kan vere byggherren sin uavhengige representant i byggeprosessen, eller vere rådgjevar i tilbods- og kontraktprosessar. Vi kan og utføre kontroll av ferdige prosjekt som grunnlag for kvalitetssikring og dokumentasjon.
  • Søknadsprosessar til det offentlege – vi utfører komplette byggesaksprosessar, delingssaker og dispensasjonssøknader.
  • Miljøkartlegging – vi utfører miljøkartlegging og leverer miljøsaneringsrapportar til bruk ved søknadspliktig sanering og riving av bygg. Vi er medlem av Forum For Miljøkartlegging og –Sanering.

Vi utfører oppdrag både for private og offentlege kundar. Ta kontakt, så ser vi kva vi kan hjelpe deg med!